Frå nyttår er det Østlie Transport på Vinstra som har kontrakt på den lokale varedistribusjonen frå Talgøs lager på Vinstra. Det er selskapet Talgø Logistikk som driftar lageret på Vinstra, og Østlie Transport har no kontrakt på dei to kjørerutene til Møre og Trøndelag. – Her kjøres Møreruta først i veka og Trøndelagsruta sist i veka. Begge rutene endar i Todalen, der bilen lastar ferdigmåla panel som skal til Vinstra – og vidare ut i den store verda.
Østlie Transport startar på Talgøkjøringa med spill flunke ny bil- og semitralle. Heile ekvipasjen er på 17,5 m totallengde, der sjølve tralla er 13,6 meter, og kan laste 36 tonn. Når den laster panel er det plass til 40 pakkar, med tilsaman rundt 2500 m2 ferdigmåla panel på kvart lass.
På siste turen denne veka har det vore stopp i Surnadal, der semitralla har fått på dekor. Her vart bilen køyrt inn i varmen på Elementfabrikken, der EB Video har fått på plass vinylen, med tekst bilder og logo. – No blir vi godt synleg på vår ferd gjennom Møre og Trøndelag, seier Rune Silliløkken, som er sjåfør hos Østlie Transport og som no blir fast sjåfør på «Todalsruta».