Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nystarta velforening arrangerte «solfest»

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 22. mars 2025

Laurdag arrangerte Øvre Todalen velforening i skikkeleg vellykka «solfest» på Tjønnmyran. Øvre Todalen velforening er ei nystarta forening med flat maktstruktur utan pengar på bok!

Kosa seg i sola. Foto: K G Polden

«Solfesta» vart altså ein skikkeleg suksess med atten personar, i atten raude grader og to hundar. Den yngste deltakaren var tre månader og den eldste åttitre år. 

Prøva ut klatreparken. Foto: K G Polden

Det vart servert grillmat og vårruller og medlemmane i den nystarta velforeninga kosa seg! Etter laurdagens suksess blir det nok heilt sikkert fleire arrangement!

God mat og godt vêr! Betre blir det ikkje! Foto: K G Polden

Publisert: 22. mars 2025, 13:36