Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nysnø i fjella – vinteren kryp innpå…

Jon Olav Ørsal Fredag 22. august 2025

Når skodda letta litt på lokket i dag, så fekk vi sjå at vinteren har banka på døra.  Vårt bilde er frå Storfjellet og Grinaren, men det var og nysnø på dei andre toppane, slik som Skjeringfjellet, Snøfjellet og i Kjerringa.  I dag skriv vi 22. august, og det er vel inga bombe at vi får signal om at det går mot ein ny vinter.

Det var da vel og meldt i vêrveldinga at dette kunne skje, og at vi vart anbefalt å h isskrapa klar om det kunne kome nattefrost dei komande dagane.  Neste veke er det imidlertid betre vêr i vente, så det blir vel ikkje vinter riktig enno. I fjor kom den første snøen ein månad seinare – i slutten av september. 

Publisert: 22. august 2025, 07:52