Driftsleiar for vinteranlegg i Todalen Idrettslag, Ståle Ansnes, kan melde om nyoppkøyrde løyper i lysløypa på Tjønnmyra. Det er ganske fine forhold for å gå på ski, men det er litt løst i traseen foreløpig.
Dette reknar han med vil bli betre allereie frå i morgon, da det er meininga å køyre ein ny runde med fresen og spormaskina.
Da er det berre å spenne på seg skiene og gå på tur!