Ivar Bolme melder om nypreparerte løyper frå Bekkerhagen, ned Toåa tursti til Hallset bru, vidare derifrå til Matkroken Todalen, via Sanitetshuset til Anderstua, ned til turstien og oppatt til Austigarden og Bekkerhagen.
Ivar seier det er fine forhold akkurat no, men har du tenkt deg ut på skitur, så kan det vere lurt å gjere det no, før mildvêret og snøsmeltinga tek til for fullt, for da forsvinn snøen fort!