Driftsstyret vinteranlegg og Trimgruppa i Todalen Idrettslag kan no tilby nypreparerte løyper og fine forhold i Toåa tursti og på Kvennset. Toåa tursti er eit av turmåla i «På tur i Todalen» og i «Stikk UT!-vinter». Ein registrerer seg ved å laste ned appane trimpoeng og Stikk UT! i appstore (Ipone) eller playbutikk (android).
I tillegg kan idrettslaget melde nypreparerte løyper og gode forhold for skigåing i lysløypa på Tjønnmyra, som er eit av turmåla i «Stikk UT!-ski», og skeiseisen på Bordholmen stadion er nypreparert og klar til bruk.
Så vil ein nytte vinterferien til fysisk aktivitet, så har ein mange alternativ å velge mellom. Vi ønsker god tur!