Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag har dei siste dagane lagt is på skeisebanen på Bordholmen stadion. No er skeiseisen nypreparert og klar til bruk. Barne- og ungdomsgruppa ønsker difor alle velkomne for å gå på skeiser.
Samtidig melder Driftsstyret for lysløypa på Tjønnmyra om at det også i lysløypa på Tjønnmyre er nypreparerte skiløyper, med gode forhold for å gå på ski.
Så da kan Todalen Idrettslag tilby både nypreparerte skiløyper og skeiseis, noko som passar godt no når det er vinterferie for skuleelevane.