Todalen sokneråd stod som arrangør, saman med Prosjekt 17-koret, da det vart markert at nynorsk salmebok i år kan feire 100-årsjubileum. Todalen kyrkje var den første kyrkja her i området som tok i bruk Nynorsk salmebok, så det var nok på sin plass at ein var først ute med jubileum.
Etter innleiinga så var første post på programmet at soknerådsleiar Borghild Talgø hadde eit lite intervju med Sverre Hatle om opphavet til den nynorske salmeboka si historie. – Det var biskop Bernt Støylen, sokneprest Anders Hovden og biskop Peter Hognestad som kan ærast for den nye salmeboka som altså kom i 1925 med heile 711 salmar både på nynorsk og bokmål.
Allsidig jubileumsprogram
Første del av jubileumsprogrammet var tileigna Elias Blix, som var ein stor bidragsytar til Nynorsk salmebok, og fekk nærast ei eiga avdeling med Blix-salmar – mellom dei mest kjente er nok «Himmelske fader» og «med Jesus vil eg fara».

Sverre Hatle var ikkje snauare enn at han song solo første vers av salmen han sjølv hadde skrive teksten til «Du er mi øy i havet». Foto Jon Olav Ørsal
Vidare var det eit variert program med både kjente og ukjente salar og tekstforfattarar. Men innimellom var det og kjentfolk – Sverre Hatle hadde nemleg skrive teksten til «Du er mi øy i havet, Gud». Den brukar ein folketone frå Rindal, og Hatle var ikkje snauare enn at han song det første verset solo. Bernt Bøe hadde også eit bidrag i dåpssalmen «Vi har ei gåve i våre hender», der han har bidrege med både tekst og tonar.
Gjennom programmet var det både korsong, allsong saman med koret, og Turid Røen Kroknes bidrog både med solosong og som forsterking av P17-koret. Bernt Bøe var musikalsk leiar og akkompagnerte på pianoet.
Ein triveleg og rørande kyrkjesongkveld som hadde ei liturgisk avslutning, med 3×3 klokkeslag til slutt. Etterpå var det samling og servering av kyrkjekaffe. Seinare skal jubileet markerast i Åsskard kyrkje.
Todalen sokneråd og Prosjekt 17-koret er medlemar i Todalen.no