Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nygrillen til T.I.L. – offisiell overlevering frå Surnadal VGS

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. juni 2025

Nyskolerte industrimekanikarar som er ferdig med 2.-året på Surnadal vidaregående skule kom onsdag med den nye mobile grillen som dei i vinter har laga for Todalen Idrettslag.  VK2 har jobba med denne grillen som eit fellesprosjekt i vinter og nå står grillen fram som fisk ferdig og klar for overlevering. 

Klassen var onsdag på Todalstur for å delta i omvisning på  Gammelfabrikken og Trollheimsutstillinga, og da høvde det godt å foreta den offisielle overleveringa til idrettslaget. Som representant for TILs styre var det Andreas Brøndbo som var mottakar av den nye grillen, som nok får sin elddåp under Todalsdagen som går av stabelen laurdag 5. juli.

Gruppa vart imponert over kor stor Tingvollulven er! Her saman med Gunnar Nordvik lengst til høgre. Foto Jon Olav Ørsal

Dei nye industrimekanikarane avsluttar no skulegangen ved Surnadal VG skule og da er det nokre som skal ut i lærlingeplass, medan nokre skal vidare til studier på ingeniørhøgskule.  

 

Publisert: 18. juni 2025, 12:09