Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nyfødd "Halling"

Nyfødd "Halling"

Jon Olav Ørsal Sundag 24. juni 2012

I morgontimane i dag vart det oppdaga at det har vore kalving i beita ovafor Husby. Det er Olav Halle som leiger beite her, og det går 5-6 kyr her som etter kvart skal kalve. Men ein av kalvane hadde det litt travelt med å kome til verden, og det har nok skjedd i løpet av det siste døgnet. Det var Jon Husby som oppdaga den nye krabaten, og kva er vel meir http://www.phpaide.com/?langue=fr&id=11 naturleg enn at den nye oksekalven da får namnet «Jobus»? Det er iallfal vårt forslag.

Olav Halle som eig buskapen som går her, seier at det enno var nokre dagar til denne kua skulle kalve. Men det er ikkje uvanleg at kalvinga skjer nokre dagar før terming. Den nyfødde kalven såg i allfall ut til å være i god form, og  hadde skikkeleg matlyst.

Først publisert: 24. juni 2012, 12:17 - Sist oppdatert: 2. august 2013, 08:12