Dags for litt vedlikahaldsarbeid på busskuret/postkassestativet i Lauvåskogan. Det vart sett opp rundt omkring tusenårsskiftet, og no var det behov for nye torvhaldkrokar. Dei gamle var laga ev einer, og hadde rett og slett råtna opp. No vart dei bytte ut med nye i galvanisert jarn.
Dei tre pensjonistane, Svein Åge Saksen, Kristian Gjeldnes og Ragnar Halle dreiv vedlikehaldsarbeid da vi stakk bortom for å sjå kva som foregikk. No rekna dei med at det gjekk nokre år igjen før det blir behov for meir vedlikehald.