Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nye todalingar i fleng

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. mai 2024

På Rossåa settefisk er det eit av vårens høgdepunkt når årets avling med smolt skal settes ut. I starten av veka vart det gjort førebuingar på utstting av rundt 2.500 1-årig smolt ved Steinutgarden.  Dei blir da sett ut i ei merd, og det blir gjort for at smolten skal aklimatisere seg, slik at den er klar for eit liv i friheit – men med mange farar rundt omkring seg. 

Smolten har stått eit par tre dagar i merda for å akklimatisere seg. Så blir luka opna slik at den 1-årige smolten kan rømme ut i det fri og spre seg nedover elva og til havs. Foto Monika Klungervik

Etter eit par tre døgn i merda så blir altså luka på merda opna og da blir dei slept «ut på livet» og må klare seg sjølv på vegen nedover elva, utover fjordane og til havs.  Her blir dei til deg forhåpentleg vis kjem att og kanskje går på kroken i Toåa.   Tidlegare i vinter vart det sett ut ca 20.000 fargemerka øyerogn.  Dei er no klekt og må nok klare seg sjølve i elva ei tid framover.

Elles går vi ein spennande sesong i møte – fisket startar i år frå 1. juni og varer heilt til 31. august – det kan du lese meir om på Elveguiden

 

Publisert: 2. mai 2024, 08:37