I Ungdomshuset er det full sjau med snekkering og rørleggararbeid for tida. Da Ungdomshuset vart renovert i samband med jubileumsfeiringa i 2008 var det ikkje tid og økonomi til å ta med toaletta i renoveringsplana. På årsmøtet i Todalen Idrettslag vart det bevilga pengar til til dette arbeidet, og no er altså arbeidet i full gang.
Det er Gunnar Nordvik og Lars H. Kvendset som gjer snekkararbeidet, og Comfort Surnadal som utfører rørleggararbeidet. Veggen til toaletta er flytta fram ca 50 cm for å gje meir plass. Det blir no laga 3 toalett, der det eine blir innreidd for funksjonshemma i tillegg til dame- og herretoalett.
Alle ytterdørene i Ungdomshuset skal også skiftast ut i samband med arbeidet som no blir gjort. Prosjektet er rekna å være ferdig i løpet av aprilmånaden.