Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nye retningsliner for motorferdsel i utmark

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 27. november 2022
17. november vedtok Surnadal kommunestyret nye retningsliner for motorferdsel i utmark. Det meste er som før, men nokre viktige endringar vart vedtekne. Med dei nye retningslinene på plass, kan kommunen starte behandlinga av søknader om motorferdsel i utmark for den kommande vinteren. Mange har allereie sendt inn søknad om løyve til å køyre snøskuter og desse vil bli behandla før jul om dei er utanfor verneområde.
Leigekøyringa fortsett som før. Løyve for dei som har vore leigekøyrarar har gått ut og vi søker no personar som vil ta på seg slike oppdrag dei kommande fire åra. Her finn du meir informasjon og søknadsskjema.Dei nye retningslinene inneber ei endring i form av at ein kan få opp til tolv turar for transport av utstyr til hytta, mot opp til åtte turar tidlegare. For løyve til transport av personar med funksjonsnedsetting til hytta, er dei ingen begrensning i talet på turar. I tillegg inkluderer dette løyvet moglegheit til å køyra til vennebesøk til hytter i nærområdet. For å få lov til dette må ein i søknaden også føre opp traséar som skal nyttast fmtil dette formålet.

Fleire personar kan stå oppført på same løyve for transport av bagasje til hytta. Alle personar som skal bruke løyvet må vere ført opp i søknaden og vere i næraste familie til den som eig eller leiger hytta på åremål. I dei nye retningslinene har kommunen definert næraste familie som personar som er i rett oppstigande eller nedstigande line. Det kan også vere sambuar eller ektefelle til desse personane. Ein kan for eksempel føre opp ei svigerdotter, men ikkje ein venn, på løyvet.

 


Medlem i Todalen.no –


Først publisert: 27. november 2022, 06:00 - Sist oppdatert: 26. november 2022, 21:51