Nye nasjonale tiltak og lokal kvardag
Smittesituasjonen i Surnadal per i dag er under kontroll etter ei smittebølge i november. Difor slepp kommunen å gjennomføre inngripande tiltak på noverande tidspunkt. Med innføring av nye nasjonale tiltak, er det ikkje nødvendig å forlenge lokal forskrift i Surnadal kommune slik situasjonen er akkurat no. Kommunen er heller ikkje omfatta av regionale tiltak.
Dei nye nasjonale tiltaka inneber i det daglege først og framst anbefalingar som reduserar nærkontakt mellom folk og førebygger importsmitte og overføring av omikronvarianten. Det er framleis den kjente koronavarianten Delta som rår, og mot denne varianten er vi godt beskytta av vaksinene. Når omikronvarianten seglar opp i vårt nærmiljø vil kommunen komme med ny informasjon.
Kommunen får tilbakemeldingar på at innbyggarane, handelsnæringa og lokale arrangørar har gode rutiner og kunnskap om korleis å beskytte seg sjølv og andre. Meir omfattande tiltak kan begrensast til situasjonar der dette krevst.
Kommunen vil likevel anbefalt å bruke munnbind når vi er på julehandel, i kontakt med helse- og omsorgstenester, på kollektivtransport og i taxi, og i alle typar kø-situasjonar. Vaksne med mange nærkontaktar på jobb og privat er også anbefalt å redusere antal nærkontaktar noko. Av same årsak er det også anbefalt meir bruk av heimekontor inntil vi veit meir om omikronvarianten.
Råd til julebord og sosiale samankomstar
Det helsemyndigheitene har opplyst om så langt, er at omikronvarianten er påvist i Norge og at også fullvaksinerte raskt kan bli smitta dersom det dukkar opp ein person smitta med denne virusvarianten på eit innandørs arrangement med mykje folk.
I regionar med høgt smittetrykk og/ eller påvist omikron, er festbremsen på. Nasjonale myndigheiter har derimot ikkje anbefalt å avlyse sosiale samankomstar i heile landet. I staden ber dei den enkelte prioritere kva ein vil delta på, alt etter eigen livssituasjon og lokalt smittetrykk.
Det viktigaste i vårt område no er kanskje å vurdere det totale antalet nærkontaktar ein ender opp med og å halde seg heime frå innandørs arrangement ved det minste nyoppståtte snufs. Det er kanskje ikkje så lurt å hurtigteste seg inn på eit større julebord eller ein konsert dersom ein har symptom og har vore på reise i eit område med høgt smittetrykk. Gjer vi nokre prioriteringar og følger desse anbefalingane, bør det vere rom for sosialt samvær, lys og kos. Det er også viktig for folkehelsa i vintermørket.
Testing og karantene – opningstider lokal teststasjon
I tillegg til nasjonale kontaktreduserande tiltak er det innført forsterka reglar og anbefalingar om testing og karantene, samt innstrammingar ved innreise til Norge. Vi har open teststasjon i kommande veke måndag, onsdag og fredag mellom kl. 10.30 – 12.00 for personar som har positiv hurtigtest eller er i karantene og treng PCR-test. For informasjon om karantenerelgar og lokalt testtilbod veke for veke, sjå øvst på kommunens nettside. For utfyllande oversikt over nasjonale og regionale tiltak viser kommunen til «regjeringen.no».
Kommunen tek atterhald om endringar i smittesituasjonen.