Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nye møter med ikoniske Beatles-songar

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. februar 2025
Torsdag 13. februar klokka 19:00 kjem Lars Saabye Christiensen og Helge Iberg til Storstuå på Surnadal Kulturhus. Her vil Iberg spele sine eigne tolkningar av ikoniske Beatles-låter, medan forfattar Saabye Christiensen vil lese dikt og poetiske tekstar som er skreddarsydd for konserten. Han vil også undervegs kommentere med personlege kommentarar frå sitt eige rikhaldige Beatles-univers. 

Saabye Christensen bø vere kjent for dei fleste. Han er ein av Norges mest respekterte og
populære forfattarar og har ein allsidig litterær produksjon. For mange er nok hans
oppvekstroman «Beatles» eit av dei viktigaste tidsbileta fra andre halvdel av 1900-talet.
 
Saabye Christensen har motteke Nordisk Råd sin Litteraturpris og ei rekke andre
utmerkingar. Han er medlem av det Norske Akademi for Språk og Litteratur.
 
Helge Iberg rører seg mellom den klassiske musikken sine partitur og den moderne jazzen sine
landskap. Som pianist har han gjort samarbeidsprosjekt saman med artister som Bendik Hofseth,
Sidsel Endresen og Nils Petter Molvær. Han har også gjeve ut to bøker og har skrive ei rekke
essays/artiklar om kultur,samfunn og kunst. Helge Iberg har motteke Prix Italia, Spelemannprisen,
Musikkforleggerprisen og er tre gonger nominert til Edvard-prisen.
 
Iberg sine pianotolkningar er gjeve ut på «The black on white album», som har fått flotte omtalar over heile Europa og USA.
 
Billetter kan ein kjøpe i resepsjonen på kulturhuset eller på surnadal-kulturhus.no
 
 
Publisert: 11. februar 2025, 18:52