I går kveld var det lokale brannmannskapet i Todalen ute på øvelse. Det var hverken røyk eller ild inne i bildet, men spyling og kontrollering av slanger og øvrig utstyr. I løpet av eit år har brannmannskapet rundt 6 øvelsar, pluss førstehjelspsøvelsar i tillegg. Nokre gonger i lag med brannmannskapet i Surnadal og på Kvanne, andre gongar åleine, som her.
Som tidlegare nemnt har det ankomme ny brannbil til bygda, og dette var første gongen den vart nytta til øvelse. Sidan siste omtale har den vorte oppgradert litt innvendig også, med litt ekstra verktøy til ulike behov etaten kan komme borti. Navnet M.3.2 er kanskje litt spesielt, men dette faktisk navnet som er registrert på bilen i forbindelse med at det nye nødnettet er tatt i bruk.

Surnadal Brannvesen avdeling Todalen er det korrekte navnet for det vi som oftast lokalt omtalar som «brannvesenet i Todalen». Her ein av arten med den nye kjeledressen som nylig har vorte anskaffa til samtlege.

Det er tradisjon at brannvesenet spylar plassen frammom Matkroken til vårs. Ei fin anledning til å gå over utstyr som forhåpentleg vis ikkje har vore bruka på ei stund.

Til slutt må dei tømmast heilt for vatn og rullast saman før dei får på plass i nye M.3.2, om dei ikkje vart kasserte da.