Todalen IL har kjøpt inn nye innebandykøller, som blir bruka på herretrim som arrangeres kvar onsdag kveld. Dei nye køllene er i motsetning til dei eldre køllene lengre og har innsving som gjer at det er enklare både å kontrollere ballen og gjera elegante skudd. Initiativtakar Knut Bergli fortel at det nok tek litt tid å gjera seg kjent med den nye teknikken når man er vant med «barneskuleutgåven», men trur det kjem seg etter kvart.