Det siste året har det vore stor byggeaktivitet – bustadhus og landbruksbygg har nærast «poppa opp». I dag har det vore stor aktivitet med mørtelbil hos naboen i Jostua på Husby. Her pågår det både renoveringsarbeid og tilbygg, og i løpet av nokre timar i føremiddag er grunnmurane til tilbygget støypt.

Ola Svinsås fra Vibo styrte betongbilen og Alexander Naustbakk og Kjetil Fugelsøy kontrollerte resultatet. Foto: Jon Olav Ørsal
Det er Byggfirma Olav Haugen som har jobben, og i løpet av eit par dagar denne veka har dei sett opp forskalingsblokk til grunnmurane. I dag kom altså mørtelbilen og fylte forskalingsblokka med sement og dermed er grunnmurane ferdig til bruk – og ferdig isolert. Betongbilen fra Vibo pumpa betongen høyt til værs, og over til forskalingane til tilbygget – som vart fylt opp frå den eine enden til den andre uten ein einaste skjøt.

Jon Bjarne Husby er kårkall og var imponert over kor lettvint betongarbeidet er «no fær tia». Her saman med Kjetil Fugelsøy som er leiar for prosjektet. Foto: Jon Olav Ørsal