Surnadal kino har sett på yr.no og vil gjera den grå før-påska litt meir fargerik. Kinoen sett difor opp fleire nye filmar på både laurdag og dei tre kvardagane over helga.
Da desse filmane ikkje er annonserte i avisa, kan ein trygt kalle dette «Breaking News!»: Laurdag 8. april blir det premierer på «Gråtass redder gården» (kl. 11) og «The Boss Baby» (kl. 13).
Gråtass-filmane veit vel alle kva handlar om, mens «The Boss Baby» (6-års-gr.) er noko heilt for seg sjølv – skal vi tru VG: «The Boss Baby er en helsprø barnefilm som leverer på både humor og historie». Det er Johan Golden som har stemma til den bråkjekke og veslevaksne babyen i denne animasjonsfilmen, og VG skriv at «The Boss Baby er en spinnvill film fra start til slutt». Filmen vil også bli vist tysdag 11. april kl. 13, mens «Gråtass redder gården» på nytt måndag 10. april kl. 13.
Søndag 9. april gjer Smurfene unna si siste forestilling om «Den hemmelige landsbyen» (kl. 18), mens Scarlett Johansen sørger for å tilfredsstille dei actionhungrige i «Ghost in the Shell» (kl. 20.30).
Action blir det plenty av også onsdag 12. april når «Fast & Furious 8» har premiere med forestillingar kl. 17.00 og 20.30. Filmen vil også bli vist etter påska, noko også barnefilmane blir.
Surnadal folkebibliotek vil ha ope laurdag 8. april (kl. 11–14). Biblioteket vil også være ope måndag 10. og tysdag 11. april (kl. 11–15), men så halde stengt til tysdag over påske.