Surnadal kino ryddar unna det meste av juleprogrammet og har nye premierar fredag – og det på to høgst ulike filmar. Den eine, BAD BOYS FOR LIFE, er truleg den siste actionkomedien i «Bad Boys-serien» med Will Smith og Martin Lawrence. Marcus (Lawrence) vil pensjonere seg, men må ta eit siste oppdrag da Mike (Smith) er utsett for livsfare. Aldersgrense: 15 år.
I den andre filmen, SELVPORTRETT, blir vi kjent med ein kunstnar og sjukdomen som ho strevar med. Lene Marie Fossen, ramma av alvorleg anoreksi, vart kjent som ein fotograf i verdsklasse for sine bilde, av dei også mange sjølvportrett. Ho ville konfrontere sjukdomen, vise den fram og eksponere skamma kring den. Ho rakk å få sjå den ferdige filmen, laga av m.fl. Margaret Olin, før kroppen ikkje makta meir sist haust. Lene Marie Fossen ville at filmen skulle visast, med håp om at historia til ho også kunne få noko positivt å seie for andre. Aldersgrense: 12 år.
Elles vil det bli ein siste sjanse til å få med seg FROST 2 denne helga.