Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nye eventyr på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. mars 2025

To norske filmar, ein «skikkeleg» klassikar og ein klassisk teiknefilm som er komen som spelefilm, er det Surnadal kino kan freiste med denne veka. Så her er det noko for ein kvar smak og dei fleste aldrar! 

BONNIE AND CLYDE

Filmklubben viser denne filmen onsdag 26. mars klokka 12:00. Dette er filmen om og jakta på Bonnie Parker og Clyde Barrow, eit gangstarpar som dreiv (mest) med bankran under depresjonen på 1930-talet i USA.

Filmen var nominert til heile ti Oscars og vann to. I rollene møter vi kjente stjerner som Faye Dunaway, Warren Beatty og nyleg avdøde Gene Hackman.

ALT SKAL BORT

Foto Norsk Filmdistribusjon

Den norske filmen «Alt skal bort» handlar mest om tre søsken i førtiåra som skal rydde heimen etter faren. Det gjer det ikkje enklare at mora, som tidleg flytta frå familien da ho fann seg ein latinsk elskar, begynner å blande seg. Søskena vel å flytte inn i barndomsheimen for å gjera unna ryddinga fortast muleg, men det er ikkje til å unngå at fortida blandar seg inn, etter kvart som dei går gjennom tinga dei må vurdere om skal kastast eller ikkje. Kritikarane la seg på ein svak 5-ar i snitt, eller ein sterk 4-ar, om du heller vil?

DEN STYGGE STESØSTEREN

Foto Lukasz Bak/Marcel Zyskind/Ymer Media

Den andre norske filmen denne veka er «Den stygge stesøsteren», og den fekk enda eit par små knepp betre karakter. «Uvanlig frisk og freidig», konkluderte NRK og er mellom dei mange som hamna på 5 på terningen for denne mørke komedien. Det er Askepott-eventyret, sett frå søstera si side, ho som prinsen ikkje ville ha, men som var villig til å gjera det meste for å få han.

 

Foto: 2024 Disney Enterprises, Inc.

I den nye varsjonen av filmen «Snehvit» er den klassiske teiknefilmen denne gongen blitt ein «vanleg» spelefilm med skudespelarar. «Sjarmerende sukkerspinn», etter kva NRK meiner. Dei gav filmen 4 av 6, men kritikarane har brukt det meste av skalaen da dei vurderte denne: frå 2 til 5 på terningen. Så ingen hjelp derifrå, uavhengig om du lit på dei eller ikkje.

Heile kinoprogrammet ser ein på surnadal-kulturhus.no/filmer/

Publisert: 24. mars 2025, 13:09