Som mange sikkert har fått med seg, så har Remidt lagt om frå to til fire søpledunkar frå 1.september i år. Dette gjer at tømmekalenderen er endra. No blir det slik at nokre av dunkane blir henta på tysdagar, medan andre blir henta på fredagar. Sorteringa har og blitt endra slik at vi må sortere meir enn tidlegare. Alt om sortering finn du på heimesidene til Remidt på remidt.no
Vi har lagt ut dei forskjellege tømmedatoane ut året i aktivitetskalenderen vår. Dette vil vi og gjere for 2022, når tømmekalenderen er klar. Første tømmedato etter den nye ordninga er 13.september, da blir det tømming av papir og papp, medan det tysdag 14.september blir tømming av rest- og matavfall.
Nedanfor finn du i tillegg bilete av tømmekalenderen frå Remidt. Ved å klikke på biletet av tømmekalenderen, kan du deretter høgreklikke på musa og gå ned til skriv ut. Da får du i tillegg tømmekalenderen på papir.