Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nye bussar og nytt namn….

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. oktober 2016

Du har kanskje lagt merke til at det har vorte nye skulebussar, med nye fargar og nytt namn.  Frå 10. oktober heiter bussane fram og er blå og lyse grå fargar. Spillflunke nye bussar, som er av siste skrik når det gjeld både teknologi og eigenskapar, fortel Bjørgulf Øyen som kjører ein av skulebussane.

bjorgulfoyen_5709

Den nye bussen er ein komfortabel arbeidsplass med masse utstyr, fortel Bjørgulf Øyen. Foto: Jon Olav Ørsal

Bjørgulf kjører tidlegbussen ut frå Todalen til Surnadal vidaregåande, og etterpå tek han turen til Hamnes/Årnes for å køyre den ordinære skuleruta for barneskulen og ungdomsskulen på Øye. – Det er fylkeskommunen som har konsesjonen og er merkevareinnehavar til Fram-namnet, medan Nettbuss framleis er operatør og har sjåførane på si lønningsliste.

Frå 10. oktober er det nye skulebussar og nye Expressbussar som dannar det nye kollektivtilbodet i fylket. I kontrakten har fylkeskommunen set krav til nye bussar med sanntidsinformasjon, universell utforming og miljø. Det blir skjermar om bord som viser dei neste haldeplassane på ruta, teleslynge, og opplesing av stoppa ute og inne i bussane. Elles er bussane sjølvsagt utstyrt med klimaanlegg, alkometer og moderne Euro 6 motorar.  Vi har sett at dei nye bussane har fått kritikk for at dei har for små motorar, og har problem med å halde rutetidene. Bjørgulf stadfestar det og seiar at ein treng nokre minutt ekstra på ein Surnadalstur. Dette har også samanheng med at sikkerheitsrutinane krev litt meir tid.

frambuss_heis_5717

Dei nye bussane er utstyrt med rullestolheis. Den kjører med ei fjernbetening og løftar lett ein rullestol inn i bussen. Foto: Jon Olav Ørsal

frambuss_heis2_5722

Når rullestolheisen ikkje er i bruk blir han lett gjømt bak det nederste stigtrinnet. Foto: Jon Olav Ørsal

Dei nye bussane er også utstyrt med heils for rullestolbrukarar. Heisen er normalt skjult i stigtrinnet i inngangen bak. Sjåføren koblar seg berre til med ei fjernbetening og kjører heisen fram og så er den klar til å løfte inn rullestolen – enkelt og greit.  Totalt er det plass til 53 passasjerar i dei nye bussane.

For den som skal reise med Mørelinjen er det også endringar av namnet.  Ruta heiter no Fram Ekspress – og har rutenummer 902 og 905 – og går stort sett som før. Meir informasjon finn du på FRAM kundesenter – http://www.frammr.no/ .

Publisert: 18. oktober 2016, 18:21