Todalen ungdomhus har dei to siste åra fått eit skikkeleg «facelift» innvendig. No er turen komen til å fornye spisebord og stolar i matsalen, da dei gamle ikkje lenger held mål.
Ein stolt husformann John Moe fortel at ein kontakt med Talgø sikra 8 nye bord og 40 stolar til matsalen i Ungdomshuset, og det heilt gratis!
Da Todalen.no var innom, var John Moe med god hjelp i naboen Narve Talgø, akkurat ferdig med å montere møblane.
Så no er nye møblar på plass før julekabarete «Hoinner å æn ut» 3. juledag. Hovudframsyninga er utsolgt og det er også solgt mange billettar til første framsyninga også.
Flott julegåve i alle fall!
![Nye bord og stolar frå Talgø](Http://todalen.no/wp-content/uploads/2009/12/John_Narve_4731.jpg)