I går kveld kom det ny forsyning med bøker til «minibiblioteket» i gapahuken i Båthølen. Det er Ragnhild A. Moe som har teke på seg å vere bibliotekar i «minibiblioteket». Biblioteket har vorte eit populært tilbod for mange dei som går seg tur i Toåa tursti.
Toåa tursti er eitt av turmåla både i Trimpoeng – på tur i Todalen – Toåa tursti og i Stikk UT! – Toåa tursti. Toåa tursti er eit av toppturmåla i båe appane, så her går ein ikkje åleine!