Måndag var første kurskvelden for ein gjeng interesserte i Skultstuå. Første kurskvelden var ein slags innføringskveld, for å sjå om dette er interessant. Seinare blir det høve til å fortsette med påbygging av fleire kurs, slik at ein får kunnskap til å starte med eigne bikubar for honningproduskjon. Kurset går i regi av Nordmøre Birøktarlag, og kursleiar er Anders Talgø.
Første kvelden var det fleire vante birøktarar som deltok i tillegg til dei nye som altså vurderer å starte med birøkt og honningproduksjon. Sven Olav Svinvik og Anders Talgø er for veteranar å rekne, og har drevet med birøkt sia 80-talet. No vil dei gjerne dele kunnskapen med birøkt, for å få i gang fleire.
Det har dei siste åra vore stor tilbakegang i bestanden av bier og humler i verdssamanheng. Årsaka til det er nok samansett, men det spekuleres i om bruken av sprøytemidlar kan være ei av årsakene til dette.
Nordmøre birøktarlag har no fått si eiga Facebook-side der dei kan informere om verksemda si, og kome med gode tips til dei som vil prøve seg som birøktarar. Klikk berre på linken til Nordmøre birøktarlag så kan du følgje med på sida. Meir informasjon om birøkt finn du også på heimesida til Norges Birøktarlag.
Tysdag 5. mai går det forresten eit interessant program om biene i programmet «Ut i naturen» på NRK1 – det startar kl 19.45 og heiter «TØFFE TIDER FOR BLOMSTEN OG BIA».