Surnadal kommune melder på sine heimesider om nye besøksrutiner ved Surnadal sjukeheim. Sidan alle bebuarane ved sjukeheimen no er vaksinert mot Covid-19, lempar altså sjukeheimen på besøksrutinene ved besøk. Det blir òg høve til å gje kvarandre ein klem ved besøk. Så vi kan trygt seie at sjukeheimen «klemmer» til med ei skikkeleg gladmelding inn mot helga.
Det er betydeleg mindre risiko for Covid-19 etter vaksinasjon. Covid19 kan likevel ikkje hindrast i alle høve, då vaksinen ikkje alltid gjev full beskyttelse.
Besøksrutiner frå 18. februar
- Besøk bør avtalast på førehand.
- Besøksprotokoll blir ført, i fall smittesporing.
- Utfør handhygiene når du kjem og underveis.
- Nærkontakt mellom vaksinerte bebuarar og deira næraste, samt med andre vaksinerte, er greit. Bebuarane avgjer sjølv kven som er sine næraste.
- Hald ein meter avstand til andre enn den du besøker.
- Besøk kan foregå i fellesareal for vaksinerte bebuarar så framt ein meter avstand til andre kan overhaldast. Foajeen og kafeen anbefales å bruke.
- Kaffemaskin finn du i kafeen. Handdesinfeksjon finn du i nærleiken. Besøkande kan ikkje nytta kjøkkena på sjukeheimen.
- Felles berøringspunkt i fellesareal blir reingjort/ desinfisert fleire gong om dagen.
- Blomster og gåver er greitt.
- Ikkje kom dersom du er eller kan vere smitta av Covid-19.
- Har du luftvegssymtom eller er i karantene bør besøket utsetjast. Ved unntak skal munnbind brukast og besøket foregå på rommet til bebuaren.
- Kjem du frå område med høgt smittetrykk; følg råda for området med høgast smitterisiko.
- Bebuaren kan bli med på besøk utanfor sjukeheimen. Vurdér smitterisiko saman med personalet. Hugs handhygiene umiddelbart ved retur til sjukeheimen.
- Dersom bebuar får påvist Covid-19 eller er i karantene, blir vedkomande isolert, og besøk tilrås utsatt. Dersom besøk blir vurdert nødvendig skal smittevernutstyr brukast.
- Eigne vurderingar for besøk ved livets sluttfase.
- Tenester/ aktiviteter og besøk av eksterne aktørar: Smitterisiko blir vegd opp mot grad av behov og nytte av tenesten/ aktiviteten. For frisør, fotterapeut og liknande gjeld råda for ein-til-éin-kontakt, og bruk av munnbind.
For eventuelle pasientar/bebuarar som ikkje er vaksinerte bør det utøvast større varsemd.
Ved auka forekomst og smitteutbrot av Covid-19 vil endra rutiner bli vurdert.
For oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Surnadal kommune, kan du trykke på lenka: Surnadal kommune – statusoppdatering Covid-19