I løpet av helga har det vorte laga nye benkar, som er designa i tråd med profilen til «Innfallsporten til Trollheimen», sitt designprogram. Det er Ståle Ansnes og Ragnar Halle som har stått ansvarlege for arbeidet. Søndag var det klart for å køyre ut og plassere benkane på dei stadane som skal ha slike.
Benkane vart plassert ved utsiktsplassen i stranda, der det står ei informasjonstavle for «Innfallsporten til Trollheimen», også kjent som «Terje Nordviks plass» og ved stien, ned til Slåttøya, i Toåa tursti. Det er Todalen Idrettslag som er ansvarleg for utsetting av benkane på våren, og å ta dei innat før vinteren.