I forrige veke hadde 30 elevar på 9. trinn ved Surnadal ungdomsskule opplæring i avløysarfaget parallellt med at dei øvrige elevane deltok på Innovasjonscamp. Avløysarkurset var denne gongen så populært at fleire ikkje fekk plass.
Kurset er fullfinansiert frå Surnadal kommune og har no vore arrangert i ca 10 år fortel Eli Gulla ved Indre Nordmøre Landbrukstenester som er arrangør. -Vi tilrettelegg alt i forbindelse med kurset. Ungdomsskulen stiller kun med ein tilsett når vi er rundt om på dei ulike gardsbesøka. Og det er vi veldig takknemlege for, fortel Eli Gulla.
Teori og praksis
Opplegget til elevane er allsidig, med litt teori på skulen og besøk ute på ulike gardsbruk i tillegg. Også i år stiller bøndene i avløysarringen velvillig opp slik at elevane får besøke ulike gardsbruk rundt om i kommunen. All ære til dei som år etter år slepp oss inn. For det krevest litt armslag for å kunne ta i mot ein flokk på 30 stykker. I år har vi på dagtid vore hos Ola Møkkelgjerd, Harald Krangnes og Ola Vasseng og sett på ulike fjøshald. På kveldstid, i mindre grupper, har Olav Mauset og Ingebrigt Grytskog åpna for besøk, slik at den praktiske øvingsdelen med mjølking blir gjennomført.
Ingmund Halgunset og Anitra Lindås frå TINE er saman med Frode Andreasen og Sigmund Moen Trønsdal dei ansvarlege for den teoretiske delen av kurset på skulen/ute på fjøsbesøka. Halgunset er i tillegg med på gardsbesøka for å lære elevane om dei ulike mjølkeanlegga dei kan komme borti. Fagområder som elevane da er innom er foring og handtering av husdyr, HMS og dyrehelse.
5 fjøsstell for å bli godkjent
For å få bestått kurs må elevane ut i praksis etter dette opplegget. Her er det krav om 5 kveldar i eit mjølkefjøs, og mange av deltakarane hadde allereie byrja på sine «plikt stell», kunne Ingmund fortelje. Etter eit slikt kurs på skulen er det fleire som faktisk vel og bli avløysarar kan Gulla fortelje. Og om ikkje alle blir det, så får i alle fall ungdommane som deltek ei viktig erfaring om dyrehald og gardsdrift med seg vidare i ballasten.