Fleire tok turen til Start 4H sin haustfest i dag. Haustfesten er avslutninga på 4H medlemmane sitt arbeidsår, der dei presenterer både sine prosjekt og klubbens aktivitet. Klubben har gjennom året arrangert både medlemsmøter, plastinnsamling, LAN og dugnad på Toåa Tursti.
Kvar enkelt medlem hadde laga fine utstillingar kor dei presenterte sine prosjektoppgaver. Desse hadde vorte vurderte av eksterne for godkjenning slik at dei får merker (pins) saman med ei vurdering. Her var alt mellom husdyr, fritidsaktiviteter og arbeidserfaring.
Undervegs vart det gratis servering, bildeframvisning og naturleg vis utlodding.
Medlemmane avslutta arrangementet med det kjente 4H-løftet: Vi lovar å arbeide mot det mål å bli ein ungdom med klårt hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse. Les meir om formål o verdiar i 4H her: Om 4H
Under er eit rikhaldig galleri kor du kan sjå alle medlemmane med sine prosjekt. Alle foto ElinorB