Onsdag 25. juni var det klart for årets første trimtur i regi av trimgruppa i Todalen idrettslag. Godveret og sola kom da vi starta opp frå vedahuset på Haugligardane. Ola Bruset var turleiar og kjentmann.
Vi gjekk skogsvegen til vi kom oppå Kleivråhjellen, derifrå gjekk vi den gamle setervegen til Bruset, det er også merka som turistline over til Innerdalen. Det er lett og fint og gå oppover Botnan, men brattare opp Bruna. Det var ikkje nokon enkel seterveg!
Oppå Tårnet heldt vi rast, riktig så fint i kveldssola og med fin utsikt ut over bygda. Tårnet er ein av trimpostane til Todalen idrettslag med trimbok – turen kan anbefalast!
I staden for å gå same vegen ned att vart heimturen lagt om Svartvatnet. Først vandra vi innover mot Åsane og deretter vart det retteleg bratt ned mot vatnet. Vi kom ned på enden av Svartvatnet der det er ei godt bevart demning. Demninga er frå 1928. Da vart Svartvatnet oppdemt som magasin for Todalen elektrisitetsverk/Rauåa, stasjonen utvida og kraftmengda fordobla.
Frå Svartvatnet er det fin stiga ned Svartholet til skogsvegen inne i Botnan. Det vart ein riktig fin og interessant tur, – triveleg å vere på tur i lag, og ikkje minst kjekt å ha med kjentmann og vandre på stigar der ein sjeldan går.
Neste onsdag, 1. juni, er det ny tur. Da er målet Bleikhammarholet. Kjentmann blir Gudmund K. Kvendset, og han seier at viss ein vil gå inn i sjølve hola, er det lurt å ta med ei god lommelykt.