Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nybrøyta tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 31. desember 2024

Da kan leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme og driftsleiar i Toåa tursti, Ivar Bolme melde at turstien er nybrøytt og klar for fottur! – Her er det fine forhold for ein fottur, og det er heller ikkje noko problem å ta med seg barnevogn på turen, seier Elinor. 

Det er også nypreparerte løyper og fine forhold i lysløypa på Tjønnmyra. 

Fine forhold for fotturar i Toåa tursti. Foto: Elinor Bolme

– Paralelt med turstien er det køyrt på spor, slik at den som vil bruke ski kan gjere det, legg ho til. 

Turstien blir brøyta. Foto: Elinor Bolme

Platten framfor gapahuken ved Båthølen er måka for snø, så her er det mogleg å koke seg kaffe på bålpanna. Ein finn både kaffekjele og ved i bua bak gapahuken, og alle kan bruke både kaffekjele og ved når dei vil!

Ved sidan av turstien er det laga skispor. Foto: Elinor Bolme

Elinor ønsker, på vegne av Todalen Idrettslag å nytte høvet til å ønske alle eit riktig godt nytt år, eit år som står i friluftslivets teikn! 

Publisert: 31. desember 2024, 13:40