I føremiddag har U-20 og U-18 alt gjort unna sin kunkurranse i individuell. I dameklassen var det bare Elise Hjelset Andersen som stillte til start, men til gjengjeld la ho beslag på bronsemedalja. Ho gjekk seg opp frå ein 5.-plass ved første passering, og endte opp på ein 3.-plass ved målgang. Ingrid Klokset meldte avbud før start på grunn av sjukdom i dag.
I klassen for U18 menm var det 4 deltakarar til start – Aron, Isak, Iver og Hampus. Isak Drøpping måtte bryte aalt før start på grunn av skoproblem, – brøt gjorde også Iver Holen under vegs i løpet. Men Aron Rodal Haugen fullførte løpet og kom på ein 7.-plass – Aron låg faktisk på ein 7.-plass frå start til mål, og kom i mål på tida 1:22:21,6 som er 5:20,6 etter vinnartida til kineseren Langjia Gongsong som var uslåeleg i dag. Hampus Tronvoll fullførte løpet og kom i mål på ein 28.-plass i klasse U18-menn.
I klassen menn senior startet heile 92 deltakarar, derav 5 få det norske landslaget. Beste normann vart Hans Inge Klette som hamna på 14.-plass med 12:25,6 etter Remi Bonnet som kom på beste tid. Vidare kom Trym Dalset Lødøen på 19.-plass, 13:40,2 etter. 3. beste normann vart Bjørn Herfindal med tillegg 26:59,2 og Sander Engdahl på nummer 58, med 36:32,7 i tillegg. Erik Kårvatn starta og, men måtte bryte etter omtrent halvgått løp – han er nok enno ikkje restituert etter sjukdomen tidlegare denne veka.
I dame senior var Ida Waldal einaste norske deltakar, og hamna på 18.-plass med tida 1:56:02,9 som er 22:01,1 etter bestetida til svenske Tove Alexandersen som tok gullet i dameklassen i dag.
Trollheimen Fjellsportklubb er medlem i Todalen.no