Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny vannveg i Smålandsgrenda?

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. mars 2018

Nei da, det er berre alt vatnet som har samla seg på ekrene i Smålandsgrenda. Regn og snøsmelting har gjort at det er både mange og store dammar på åker og eng rundt bygda. I år er det skikkeleg tele, og dermed søkk ikkje vatnet ned.  I kombinasjon med tette og frosne avløpsrør blir det lett problem.

For edmund var det berre å ta øksa og hakka fatt. Foto: Jon Olav Ørsal

Da Edmund Talseth kom til Kvennsetøyann på påskeferie i går var det nærast eit stort hav innover ekrene, og avløpet hadde frose til.  Dermed var det å finne fram hakke og øks for å skaffe avløp.  Sjølv om det ikkje var nokon fare med husa i Kvennsetøyann, så er det greit å få leda vatnet dit det høyrer heime – nemleg i elva.

Ny vannveg i Smålandsgrenda? Det er nok berre vårløysinga som spelar dei eit puss. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 24. mars 2018, 14:23