Dei siste kveldane har det vore iherdig snakkarar på ferde på Bordholmen. Dei ungdommelege snakkarane har bygd ein platt/terrasse på 75 m3 framfor klubbhuset. Det var «paddmark» og ujamt framfor der og plassen skal no kome til nytte for plassersing av bord og benkar både under trening og ikkje minst under Todalsdagen.

På ale dugnader må arbeidsfolket ha mat. Onsdagsvakta var Karoline Brøndbo, som fekk skryt for traktementet sitt! Foto EB
Knut Bergli har vore primus motor og organisator for prosjekt og MøreTre har vore sponsor på materialar, medan ungdommane har saga og skrudd sammen den store platten. Heilt til slutt var det prøvemøblering med ein benk, slik at vi fikk det offisielle biletet av gjengen.