Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny strikkekaffe på laurdag

Elinor Bolme Torsdag 30. oktober 2014

Lørdag 1. november blir det nok ein gong åpent hus i Sanitetshuset med Strikkekaffe i tidsrommet 14-17. Det er Todalen Sanitetsforening som er arrangør av denne uformelle treffstaden, og dei håpar at dette fortsatt skal væra ein uformell møteplass for kvinner i alle aldrar i Todalen.

Styret i Saniteten ønsker å understreke at dette slettes ikkje er eit «sanitetsmøte» eller vervearena, men ein åpen møteplass, med muligheit for å knyte nye relasjonar, bli kjent med nye og gamle todalingar og ha det triveleg i lag. Stikkinga eller eit anna handarbeide er slettest ikkje eit krav, her er det heilt ok å tvinne tommeltottar og la praten gå.

 

Først publisert: 30. oktober 2014, 05:00 - Sist oppdatert: 29. oktober 2014, 18:57