Kulturavdelinga i Surnadal kommune melder at arrangementet ved Svartvatnet 1. mai er avlyst p.g.a. at det er meldt dårleg ver. Det er aktuelt å få til eit nytt Stikk UT!-treff seinare.
Stikk UT!-markering i Surnadal
Onsdag 1. mai opnar Stikk UT!-sesongen 2019, og i Surnadal vil dette vil blir markert ved den nye Stikk UT!-posten ved Svartvatnet på Nordmarka. Her vil det det bli servert frukt og drikke til alle som besøkjer trimposten i tidsrommet 17.30-20.00.
Det er tre nye Stikk UT!-postar i Surnadal denne sommaren, og posten ved Svartvatnet er ein av desse. Startpunktet for turen, og plassar å parkere, finn du nedst i vegen over Nordmarka, like før du kjem ned til sentrum i Bæverfjord. Elles finn du nærare beskriving av turen på https://www.stikkut.no/turar/203665. Du går etter skogsveg heile vegen opp, og framme ved turmålet er det bord og benkar for ein rast i idylliske omgivelsar.
Rasteplassen ved Svartvatnet. Foto: Anne Grete Bæverfjord.
Tekst av Norunn Holten, StikkUT!-kontakt i Surnadal.
Det er også tilbod om eige Stikk UT!-opplegg for bedrifter. Bedrifter som har delteke tidlegare år, har kunne rapportere om lågare sjukefråvær, og da er kostnaden for å delta raskt inntent.