Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny sterk dag for juniorene i Slovakia

Jon Olav Ørsal Fredag 7. februar 2025

Juniorlandslaget i randonee befesta si stilling under dagens konkurranse i vertikal i Malino Brdo.  Dei lokale heltane frå Trollheimen Fjellsportklubb måtte sleppe to tyskerar og ein østerriker framom seg, men sikra 4. og 5.-plassen med Isak Drøpping på 4. og Aron Rodal Haugen på 5.-plassen. Iver Holen frå Tromsø som går i same klasse var ikkje snauare enn at han sikre 6.-plassen. 

Isak var 11,2 sekund etter tyskeren Moritz Bauregger som hadde beste tid på 19:44,5, medan Aron var 42,3 sekund etter – Iver Holen 1:08,0.   I klasse U20 damer sikra Elise Hjelset Andersen seg 4.-plassen og i U-20 menn var Mads Gjethammer einaste norske deltakar og hamna på 26.-plass – han kom i mål 6:01,8 etter beste tid. 

I ISMF Youth World Cup Ranking for 2024/2025 ligg no Iver Holen på 7-plass med 116 poeng, medan Isak ligg på 11.-plass med 90 poeng.  

Trollheimen Fjellsportklubb er medlem i Todalen.no

 

Publisert: 7. februar 2025, 11:47