Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny skeisebane på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 18. desember 2021

I dag vart det montert nye ishockeyvant rundt skeisebanen på Bordholmen stadion. Todalen Idrettslag har investert rundt 115.000 kroner i nye ishockeyvant. Samtidig er det og investert i ein snøfres for å halde snøen borte frå skeisebanen, så no er det berre kuldegradane som manglar, før det blir skeiseis på Bordholmen att! 

Dagens mildvêr vart nytta til å montere nye ishockeyvant. Foto: B G Ansnes

Den nye skeisebanen er 12,5 meter x 25 meter. Dette betyr at den er litt breiare enn den gamle banen, medan lengden er den same. Det var medlemmer av Barne- og undomsgruppa i Todalen Idrettslag, forsterka med Gunnar Nordvik og Ola Bruset som i dag monterte den nye skeisebanen.  


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 18. desember 2021, 16:43