Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny sesong på Todalshytta – engelske laksefiskarar på veg inn igjen

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. mai 2024

Det er no over 120 år sia dei første «lakselordane» kom til Todalshytta første gong – hytta vart bygd i 1901, og tok nok imot dei første gjestane året etter.  No er eng3elskmannene på veg inn igjen – i år er det engelske laksefiskarar som dominerer bookinglista, fortel Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta på 5. året. Dei første engelske laksefiskarane budde på hytta i fjor sommar, og dei likte det dem såg på Todalshytta og i Toåa.  Dei fall for plassen, og  har booka 80-90 % av kapasiteten på hytta i d3eler av sesongen. Mange argument talar for at dei skal trivast med å gå langs Toåa med fluestanga – det er fine hølar, ro og stillheit og passe stor elv for flugefiske.

Fol kjem både frå Molderegion og Orklandregionen for å spise på Kammerpike Edids spiseri – tydeleg at folk likar maten her, seier Arve Evendsen som er vertskap på 5. året på Todalshytta. Foto Jon Olav Ørsal

Todalshytta byr forresten på laksefiske både i Toåa og i Søyåa for sine gjestar.  Begge elvane har hatt fin vassføring dei 3 siste vekene, så Arve håper at det blir bra i fortsettinga også.  Det er enno mykje snø i Trollheimen, så det er ingen fare på ei god stund enno.

Markerer sesongopning fredag kveld
Komande fredag er det sesongopning – bade for Todalshytta og for laksefisket i Toåa.  Laksefisket startar nemleg eit par veker tidlegare i år, så 1. juni er det på’n igjen, og da varer det fram til 31 august.
Fredag kveld tenner vi på storgrillen, og da byr vi både på grillmat og på god underhaldning, og ønsker både laksefiskarar og andre velkomne til sesongstarten. Du treng absolutt ikkje være laksefiskar for å finne deg til rette denne kvelden.

Johanna Holten frå Surnadal kjem for å underhalde oss, og vi håper at vi kan fylle opp dei nye terrassane og kose oss ute i friluft utover kvelden – yr.no lover at det skal bli god temperatur utover kvelden, seier Arve, som trur dette blir ein triveleg kveld for alle, og poengterer at dette er eit samarbeidsprosjekt for Todalshytta og Todalen elveeigarlag.

Det er da idyllisk på Todalshytta – ikkje rart at engelsmennene falt pladask. Foto Jon Olav Ørsal

Har store forventningar
Arve har store forventningar til årets sesong.  Vi har no rusta opp hytta gjennom fleire år – det er gjort tunge investeringa som vi no kan dra nytte av – heilt nytt og moderne kjøkken, nye møblar i både spisesal, peisestuer og soverom og menge oppgraderingar elles.  No satsar vi på å få ein normal driftssesong, der vi kan konsentrere oss fullt og heilt om gjestane og skape eit godt miljø for alle partar. 

Elles fortel Arve at dei har justert litt på menyen, men er litt bekymra for at prisane på råvarer aukar utan at ein får til å ta ut dette.  Vi tykkjer at det er veldig positivt av vi har gjestar både frå Molde-regionen og Orkland-regionen som kjem hit for å ete på restauranten vår – og  ikkje minst at dei kjem att!  Vi får mykje skryt for maten vår, og det tykkjer vi sjølvsagt er triveleg. No gler vi oss til å starte ein ny sesong – og så håper vi at mange kjem for å bli med på sesongopninga komande fredag, seier Arve Evensen til slutt.

No blir det engelske laksefiskarar igjen på Todalshytta – ringen er slutta kan ein seie! Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. mai 2024, 17:00