I dag var det sesong åpning av skøytebanen på Bordholmen igjen. Dei trufaste skøyteentusiastane Knut Bergli, Finn Ranes og Anders Gjeldnes hadde saman med Gunnar Nordvik i år oppgradert banen med heimelaga vant rundt heile isen.
Allerede på første dag var det godt med fart på isen, og på sidelinja var grillen varm med mulegheiter for forfriskningar.
Og kjenner vi dugnadsgjengen rett vil isen bli både vatna og preppa utover sesongen til glede for store og små i bygda.