Sola er tilbake etter vinterpausen. No skin ho langt nedover liene og heilt ned på Kvennsetgarden, og ho kryp lenger og lenger oppover bygda dag for dag. Yr lovar godt ver måndag 4. februar så da blir det oppstart for Kløverturane i 2019! Oppmøte ved Halsbua, og så blir turmål bestemt etter ver og føre. Men det blir ein lett tur i nærområdet til butikken. Turstart kl. 11.00.
Det er Todalen sanitetsforening som arrangerer Kløverturane. Dette er «kvardagstrim» – kvar enkelt bestemmer fart og lengde på turen. Det er viktig å kome seg ut; det gjer så godt med frisk luft og mosjon, og så er det kjekt å gå tur i lag! Dette er godt både for psykisk og fysisk velvære!
Det er ikkje lagt opp til rast under vegs denne gongen, men i Kaffekroken er det råd å avslutte med varm drikke.
Plana er å ha Kløverturar kvar måndag utover våren og fram til midtsommar, med unntak av «raude» måndagar og måndagen i påskeveka. Når det blir varmare ver, blir det sjølvsagt nye «Rusleturar» med servering. Turmåla vil bli presenterte på todalen.no etter kvart.
Men 4. mars blir det eit nytt og spennande opplegg, da blir det trimøkt i Sanitetshuset med fysioterapeut Ingrid Kvendset Ulset – altså «innetrim» med gode øvingar både for vaksne og godt vaksne. Dette blir kjekt!
Alle er velkomne til å bli med på første Kløverturen i år!