Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny sesong for stavgangarane – start i Bøfjorden på onsdag.

Jon Olav Ørsal Måndag 28. april 2025

Stavganggruppa til pensjonistforbundet i Surnadal startar vårprogrammet komande onsdag, 30. april i Bøfjorden. Da er det Steinholmlia som er målet, og starten går frå Settemsøra, der det er plass for parkering. Da er alle velkomne til å bli med, og du blir oppfordra til å ta med ein turvenn. Den første turdagen er altså på ein onsdag, men vidare gjennon sesongen er det torsdag som er turdagen for Stavganggruppa, seier Wenche Kvendset til Todalen.no.

Stavganggruppa har lagt opp ei omfattande terminliste for sesongen, heilt fram til 25. september.  Unntaket er juli månad, for da tek Stavgangruppa «fellesferie».  Turar er planlagt til både kjente og nye turmål, fordelt over heile kommunen – nedafor har vi lagt inn terminlista slik at du har oversikt – last ned pdf-fila dersom du vi lage utskrift av terminlista. Vanleg tid for start av stavgangturane er frå oppmøteplassen kl 11:00 

Vi vil gjjera det enkelt for deltakarane å finne info om stavgangturane – kvar veke vil vi legge ut informasjon i vår kalender.  Der vil du finne oversikt ved å gå til kalenderoversikta – komande veke finn du på framsida i Todalen.no.   Lykke til med ein aktiv trimsommar saman med Stavganggruppa, og les om turane på Todalen.no.  

 

Publisert: 28. april 2025, 06:58