Det siste døgnet har Visit Nordvest vore på Todalsvisitt, men tanke på å promotere Todalen som turistmål. Vi fekk eit lite frukostintervju med gjengen som er på 14-dagers tur rundt på Nordvestlandet for å samle inn bilde, film og inntrykk med tanke på neste års marknadsføring av området og satsing mot reiselivet.
Dei starta i Kristiansund, og har vore innom Grip før dei sett kursen innover til Todalen. I løpet av måndagen var dei på tur til Bjøråskaret i tillegg til Storfossen og laksefisket i Toåa før dei enda opp på Todalshytta med både intervju og fotosession. Det vart mange fine scoop frå Bjøråskaret – både med drone og stillbilde – men det var litt for mykje tåke i Innerdalsfjella med tanke på optimalt fotoresultat.
Gjengen var imponert over Todalshytta og det som har skjedd her den siste tida, der miljøet frå tidleg 1900-tal er gjenskapt og heng godt i veggane. Med visse trekk som likna på det kjente Hotell Union Øye i Norangsdalen som faktisk vart bygd på same tida.
Bilde og omtale frå Todalen og Todalshytta vil nok sette sitt preg på marknadsføringa av Todalen og området rundt – kanskje alt frå hausten, men iallfall frå neste sesong. Satsinga på Visit Nordvest og visit Møre og Romsdal har vore vellukka og førte til både stor optimisme og stor auke i turisttrafikken i fjor. Mykje info som er produsert tidlegare ligg ute på nettsida til Visit Møre og Romsdal