Vi likar å kalle revyen vår for avgangsrevy heller enn russerev – årsaka til det er at vi vil inkludere alle avgangselevane i revyarbeidet – ikkje berre årets russekull. Deit to revysjefane, Kirsten Marie Nordvik og Jannicke Valstad Stenberg har denne helga invitert lokalpressa for å informere om revyarbeidet som no altså er igang. Og dei to virka som dei hadde full kontroll, for 7., 8. og 9. mars må dei ha alt klart, for da kjem 3 forestillinger på løpande band i Storstua på kulturhuset.
Dei to revysjefane er slett ikkje nybegynnarar, for dei var med i siste ungdomsskuletrinnet som deltok i «storprosjektet», og dei er forlengst etablerte som medlemar i Svarraberget teaterlag. Sågar har dei delteke under NM på Høylandet sist sommar, så vi kan nok rekne med å få sjå meir til dem etter kvart.
Dei fortel at dei fleste avgangselevane er med i revyen – rundt 45 i talet. 4 av desse er sambygdingar, nemleg Martin, Maren, Ingebrigt og Johan som har adresse Todalen. Kirsten Marie og Jannicke vil ikkje røpe så mykje om innhaldet enno, ettersom skrivearbeidet no pågår for fullt. – Men det har da vel skjedd mykje både i lokalpolitikken og rikspolitikken, så dei ga uttrykk for at dei har mykje godt stoff å ta av. Og vi har flinke folk på alle postar, så dette skal vi få til, er dei enige om. Måndag 29. januar startar billettsalet, og da vil også namnet på revyen bli offentleggjort.
Revyen har forresten eige band – der er Johanne Holten kappelmester, Ingebrigt Bergli Kvendset på trommer, Sigve Holten på fleire instrument, og Per Olav Bredesen. Koreografer er Vilde Holmvik Solen og Marte Dahl Andreassen. Elles bidreg Håkon Solem og Olav Mogstad med regien og andre gode råd. Så er det berre å begynne å gle seg til premieren!