I veke 5 fortsett vaksineringa av heimebuande personar over 85 år i Surnadal kommune. I veke 5 blir det 55 som vil få første del av koronavaksina. Dei som skal vaksinerast neste veke har allereie fått SMS om dette. Det er viktig at dei som har fått SMS om vaksinering, går inn på c19.no, loggar seg på med ID-porten og bekreftar at dei tek imot tilbodet om vaksinering eller ikkje, så raskt som moglen. Det er og mogleg å bekrefte dette ved å ringe Surnadal kommune sin vaksinetelefon: 913 79 001.
Surnadal kommune ber pårørande til dei som no har fått tilbod om vaksinering om litt hjelp. Det kommunen ber om hjelp til, er at dei pårørande til desse hjelper dei med å svare elektronisk på om dei tek i mot tilbodet om vaksinering eller ikkje. Når ein har registrert digitalt at ein tek i mot tilbodet om vaksinering, får ein oppgjeve oppmøtetidspunkt, stad og sete ein skal sitte på under vaksineringa. Lenka for registrering finn ein her: c19.no. Alternativt kan ein ringe vaksinetelefonen 913 79 001.
Når ein møter til vaksinering er det viktig at ein har munnbind og romsleg overdel. Det heile tek omkring ein time. Pårørande blir bedne om å venta utanfor. Den som skal vaksinerast blir møtt av frivillige hjelparar og blir følgd til setet sitt i kulturhuset.