Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny runde med Kløverturar – blir du med ut og gå?

Dordi Jorunn Halle Laurdag 19. august 2017

Todalen sanitetsforening startar måndag 21. august opp med ein ny sesong med Kløverturar. Som vanleg er det oppmøte ved Matkroken kl. 11.00. Vi kjører opp til Talgø, går over brua nedanfor redskapshuset og tek turen innover skogsvegen på nordsida av Storelva. Plana er å ta pause ved «Gammelreiret». Kvar og ein går i eige tempo og ikkje fortare enn at praten går lett!

Vi håpar mange blir med ut og gå, både «gamle» og «nye» turgjengarar. Det er triveleg å gå i lag, og det gjer så godt.

Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

 

Publisert: 19. august 2017, 23:46