Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny rekord for demensaksjonen 2025, leiaren takkar

Jon Olav Ørsal Sundag 21. september 2025

Liv Botten som er leiar i Surnadal demensforening og helselag rettar ein stor takk til alla som har vore med og bidrege til at årets demensaksjon ga ny innsamlingsrekord.  Årets aksjon endte opp på 144.540 da dei slo strek i dag, og det er altså ny rekord.

Liv rettar erin stor takk til årets russekull og til elevane fra «Innsats for andre» som gikk rundt i bygda med bøssene. Tusen takk til alle givarar og ein stor takk til snillaste Sverre i banken som kvart år hjelper oss med teljinga.

Ho rettar og ein takk for oppmøte på det gripande møtet med Karl Laugsand og på filmframvisinga «Kvar skal du bror», og takk til dykk som tegna medlemskap på vår stand på onsdag, slik at vi no er passert 400 medlemar.  Takk og til pressa som har stiltopp på pressemøter og som har omtala både store og små arrangement vi har stått for. 

Sjølv om aksjonen no er avslutta, så er det fullt muleg å Vippse til 709094 for kontoen er open enno nokre dagar. 

 

Publisert: 21. september 2025, 18:41