Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny portal: «Hyttetomter i Todalen»

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. desember 2015

Er du ute etter hyttetomt i Todalen er det lurt å følge med på det som skjer på hyttefronten på nettet.  På Facebook-portalen ”Hyttetomter i Todalen” vil du etter kvart finne fleire alternativ, der det blir presentert både hyttefelt som alt er klare for utbygging og felt som er under planlegging….

kammen_5027

Den første hytta er allereie på plass i Kammen hyttefelt – den andre har byggestart til våren. Her er vegen ned til hyttefeltet. Foto: Jon Olav Ørsal

Kammen hyttefelt er allereie godkjent og klart for hyttebygging. Her er det til saman 8 hyttetomter, der  den førte hytta er under bygging og nummer to har byggestart til våren. Dette feltet er det Siv Halle som har lagt ut for sal og ho arbeider med planar for eit felt til. Kammen hyttefelt er opparbeidd og det er ført fram veg, vatn og straum.

Dei andre felta som er under planlegging og som vil bli presentert på den nye portalen er i øvst Øyalia, der Ståle Ansnes er utbyggar. I tillegg arbeider Anita Talgø med planar for hyttefelt i området ved Vassosen og Gudmund Kårvatn eit nytt hyttefelt på Kårvatn.

Straum, vatn og veg er alt bygd ut for Kammen hyttefelt.  Foto: Jon Olav Ørsal.

Portalen finn du lett på Facebook ved å søke på ”Hyttetomter i Todalen” eller ved å følgje linken https://www.facebook.com/hyttetomteritodalen/

Kammen_facebook

Slik ser «Hyttetomter i Todalen» ut på Facebook.

”Hyttetomter i Todalen er også medlem i Todalen.no og ved å klikke på logoen i logofeltet til høgre på sida kjem du til den nye portalen. Her vil det etter kvart kome meir informasjon om dei nye hyttefelta og dersom du klikkar ”liker” vil du automatisk få informasjon etter kvart som ting skjer og få aktuell informasjon.

kammen_5031

På vegen opp til Hjellnes er det skilta til Kammen hyttefelt. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 22. desember 2015, 10:20 - Sist oppdatert: 5. januar 2016, 05:18